Økonomi og eigarskap

Bustadene i Grindstugulego blir organiserte som eit burettslag med innskot og fellesgjeld, og gir deg eit føreseieleg og oversiktleg kostnadsnivå.

Prosjektet er organisert og utvikla av Vågå kommune og blir gjennomført etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at utbyggjar ikkje skal ha forteneste.

Slik fungerer burettslag

Bustadene blir organiserte som eit burettslag. Det betyr at du kjøper ein andel i laget.

Kostnaden er delt i:

  • innskot 
  • fellesgjeld (nedbetalt gjennom felleskostnader)

Når du flyttar ut og andelen din blir overtatt av andre, blir innskotet ditt utbetalt med renter.

Pris og kostnader

Prisane vil bli nærare avklarte i den vidare prosessen.

Kostnaden vil bestå av:

  • innskot
  • fellesgjeld
  • månadlege felleskostnader

Målet er å oppnå eit føreseieleg og rimeleg kostnadsnivå.

Spørsmål og svar