Er Grindstugulego noko for deg?

Ønskjer du ein enklare kvardag med mindre vedlikehald og nærleik til sentrum? Grindstugulego i Vågåmo er eit tilbod for deg som vil bu trygt, lettstelt og sosialt.

Kven er dette eit tilbod for?

Mange opplever at einebustaden blir for stor og krev mykje vedlikehald etter kvart. Samtidig kan det vere ønskjeleg å bu meir sentralt og ha enklare tilgang til kvardagsfunksjonar.

Dette prosjektet kan vere aktuelt for deg som:

  • ønskjer ein enklare kvardag utan vedlikehald
  • vil bu sentralt i Vågåmo
  • ønskjer tryggleik og tilrettelagde bustader
  • set pris på fellesskap og sosiale møteplassar

Kvifor mange vel å flytte til leilegheit

Overgangen frå einebustad til leilegheit

Ein typisk overgang kan vere:

  • Du sel einebustaden din
  • Du kjøper ein andel i burettslaget
  • Du får frigjort kapital
  • Du får ein meir lettstelt bustad utan vedlikehald

Vi ønskjer å gjere denne overgangen så enkel som mogleg.

Vi gjer overgangen enklare

Vi arbeider med ei løysing som kan omfatte:

  • Eigedomsmeklar
  • Takst og verdivurdering
  • Flyttehjelp
  • Koordinering av sal og kjøp

Meld interesse