Grindstugulego - Vågå kommune

Grindstugulego

Grindstugulego er eit nytt bustadprosjekt i Vågåmo sentrum. Prosjektet er utvikla for deg som er senior, og som ønskjer ein enklare og meir lettstelt bustad. 

Kort om prosjektet

Grindstugulego omfattar 26 leilegheiter fordelt på 2- og 3-roms. Bustadene blir utvikla etter Husbanken sin standard for universell utforming, med mellom anna heis og gode fellesareal - tilpassa eit trygt og enkelt kvardagsliv. 

Det er Vågå kommune som står bak prosjektet.

Nøkkelpunkter

  • Sentrumsnært  
  • Livsløpsstandard  
  • Fellesskap og tryggheit  
  • Borettslag  

Status akkurat no 

  • Reguleringsplan: ferdig og klar for politisk behandling.
  • Skisseprosjekt med kosnadskalkyle, ferdig i mai 2026.
  • Neste steg: politisk behandling og førehandssal av andelar.
Illustrasjon av korleis boligene i Grindstugulego kjem til å sjå ut

Status og framdrift