Bygge og bu i Vågå - Vågå kommune

Bygge og bu i Vågå

Vil du bu godt og leve nær naturen? I Vågå får du eit aktivt lokalsamfunn, variert arbeidsliv og rom for å skape di eiga framtid.

Lalm sett frå lufta.

Vågå - eit verdival

Å flytte til Vågå kan vere eit val, eit val av ein livsstil, eit val om eit godt liv.

Drøymer du om eit liv med meir plass – både rundt deg og i kalenderen?

Forstå oss rett: Kvardagen kan vere hektisk i Vågå òg, med jobb, husarbeid og småbarn som vil alt på ein gong. Kjærleikssorg og livets motbakkar kjenner vi like godt her som andre stader. 

Men her er vegen til pust i bakken kort. Naturen ventar ikkje ei helg eller ei ferieveke – han ligg rett utanfor dørstokken. Du møter fjell, skog eller kulturlandskap på veg til jobb, skule og barnehage.

Bur du i sentrum, har du nærleik til alt du treng – frå butikkar og kaffikopp til kulturliv og trening.
Bur du på eit småbruk eller i ei grend, har du luft, ro og utsikt rundt deg.

Vågå er eit lite, oversiktleg og trygt lokalsamfunn, der ein helsar på kvarandre og der ungane får stor fridom på ein trygg måte.

Kvifor velje Vågå?
Mange kommunar tilbyr «det gode liv», og Vågå er ikkje einerådande om å vere ein stad med kvalitetar. Men vi er eit verkeleg godt val for deg som ønskjer eit liv tett på natur, kultur og folka som bur her.

Litt nysgjerrig, men ikkje heilt klar for å ta steget? Ta gjerne kontakt med oss! Vi svarar gjerne på spørsmål om arbeid, kvardagsliv, fritidstilbod, barnehage, skule – ja, alt du lurer på om å flytte til Vågå.