Om Vågå brannvesen

Hovudmålet med tenesta er at Vågå kommune har eit brannvesen som er organisert, utrusta og bemanna, slik at oppgåver pålagt i lov og forskrifter blir utført tilfredsstillande, sett i forhold til kartlagt risiko og sårbarheitsanalyse, jf brannloven §§ 9 og 11.

Brannstasjonen har adresse Industrivegen 37.

Er du bekymra for din eller andre sin branntryggleik? Har du sett noko du meiner kan vere potensielt brannfarleg?

Send inn branntips

Vågå kommune har ei brannordning som vart revidert og godkjend i kommunestyret 2020. 

Brannvesenet er organisert med ei beredskapsavdeling og ei førebyggjande avdeling.

Befalet i brannvesenet har ei femdelt vaktordning som går kontinuerleg 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Det er fast vaktordning for nokre brannkonstablar i påska og elles etter behov.

Brannvesenet har bakvakt for alle kommunale bygg/eigedomar, heisalarmar og tekniske alarmar.

"Mens du venter på ambulansen"

Vågå brannvesen er med i prosjektet "Mens du venter på ambulansen" i samarbeid med Norsk Luftambulanse. Mannskapet har gjennomført spesialkurs som gjev innføring i førstehjelp ved akutt sjukdom og/eller ulykke. Brannvesenet er utstyrt med ein akuttbag med m.a. oksygen, førstehjelpsutstyr og hjertestartar.

I akutte situasjonar der ambulanse er langt unna eller ber om assistanse, vil mannskap frå brannvesenet rykkje ut og gje pasientbehandling.