Innhald og bruksområde
Flyt Foresatt brukast til den daglege kommunikasjonen mellom heim og skule/SFO. Meldingsfunksjonen er for praktiske spørsmål om barnet ditt, henteavtalar, korte beskjedar og dialog rundt skulekvardagen.
Kva appen ikkje skal brukast til
- Hastesakar — ring skulen eller SFO direkte.
- Klagar og formelle henvendingar — bruk kommunen sin vanlege klagekanal.
- Sensitive opplysningar om helse, barnevern eller andre sakar som krev særleg konfidensialitet — ta direkte kontakt med rektor eller avdelingsleiar.
- Kommunikasjon mellom føresette — appen er berre for dialog med skulen.
Svartider
Skulen les meldingar i arbeidstid på kvardagar. Ikkje forvent svar same dag — meldingar blir svara på så raskt som mogleg. Om saken hastar, ring skulen direkte.
Behandling av personopplysningar
Lom kommune er behandlingsansvarleg for personopplysningane i Flyt Foresatt. Visma er databehandler. Du finn kommunen sin fullstendige personvernerklæring inne i appen under Innstillinger > Personvern, eller på kommunen si nettside.