SFO - skulefritidsordningPå SFO får barna ein trygg og koseleg kvardag med leik, aktivitetar og sosialt fellesskap utanom skuletida. Opningstid for SFOMåndag, tysdag, torsdag, fredag: 13:40 - 16:30Onsdag: 07:30 - 16:30SFO held til nord i skulebygget, same inngang som 1.steg. Satsar for SFO1.-3. stegInntil 12 timar i veka: GratisOver 12 timar i veka: kr. 1008,- per månad 4. stegInntil 15 timar i veka: kr. 1683,- per månad.Ferie-SFOKr. 1792,- per veke i skuleferiar.Ekstra time- eller dagopphaldEkstra timeopphald: kr. 343,- per timeEkstra dagopphald: kr. 613,- per dag Forskrift om SFO1 HeimelFastsett av kommunestyret i Vågå 28.11.2024 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 4-5 femte ledd. 2 EigarforholdSkulefritidsordninga er eigd av Vågå kommune og HOKO er ansvarleg styringsorgan.3 OpptaksmyndeRektor ved Vågåmo skule har leiaransvar og opptaksmynde. Opptaksperiode, oppseiing og endringHovudopptaket blir gjennomført med søknadsfrist 1. mai kvart år. Søknad om opptak skjer via foresattportalen i Visma. Inntak kan skje elles i året, viss det er plass og dei økonomiske rammene tilet det. Eleven har SFO-plass til den vert oppsagt gjennom e-post/telefon til skulen eller via foresattportalen. Fram til 1. mai er det høve til å seie opp SFO-plassen. Oppseiinga er ein månad rekna frå den fyrste heile månad. Det same gjeld ved endringar. Oppseiinga skal vere skriftleg via e-post, foresattportalen eller via telefon til skulen. Plassen gjeld for eit skuleår om gongen. Foreldre må søkje på nytt for kvart skuleår. 5 ForeldrebetalingKommunestyret fastset betalingssatsane i samband med budsjetthandsaminga kvart år. Frå 1. august 2024 er det fritak for foreldrebetaling for 12 timar SFO per veke for elevar i 1., 2. og 3. trinn, jf Opplæringsforskrifta § 2-2. 3 Foreldrebetalinga blir innkravd kvar månad i samsvar med den tida eleven er påmeldt. Ved utrekning av timar blir det fakturert etter heile opningstida etter skuletid. Ved heildag onsdagar tel ein minimum kjernetida mellom 08.30 og 13.30. Timar over dette blir lagt til. Betaling for tilbod elevfrie dagar/skuleferiar ligg ikkje inne i den ordinære betalinga. Ved skuleferiar må ein betale dagsats/vekesats for dei dagane ein har behov og påmeldinga er bindande. For elevar på 1., 2. og 3. steg gjeld prinsippet om gratis SFO for 12 timar per veke også i feriar. Påmeldte dagar som ikkje blir nytta vil bli fakturert. Familiar med fleire enn eitt barn på SFO får syskenmoderasjon på 50% frå og med barn nummer to. Elevar på 5. til 7. trinn med særskilde behov skal få tilbod om gratis skolefritidsordning, jf. Opplæringsforskrifta § 2-3. Etter opplæringsforskrifta § 2-4 skal kommunen redusere foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på grunn av låg inntekt. Vågå kommune har rett til å gje føresette gebyr, viss eleven blir henta etter stengetid, jf. Vågå kommune sitt gebyrreglement. Manglande foreldrebetaling i 2 månader vil kunne føre til at eleven mister plassen. 6 Leike- og opphaldsarealSkulefritidsordninga ved Vågåmo skule held til i den nørdre delen av skulebygningen, og dei har tilgang på heile utearealet til Vågåmo skule. Etter avtale med rektor kan dei nytte uteareal utanom skulen, t.d. Dompe, Vanglandet og liknande.7 Dagleg opphaldstid og årleg opningstidI tillegg til ordinære skuledagar kan SFO halde ope på planleggingsdagar, i haustferien, i vinterferien, to veker før skulestart og to veker etter skuleslutt, viss søkjartalet er seks eller fleire. Søknad til feriar skal skje på eige skjema som blir publisert i appen Visma Min Skole. SFO er stengt i jule- og påskeferie jf. skuleruta. Opningstida er 13.40-16.30 mån-tys-tors-fre, og 07.30-16.30 kvar onsdag. SFO har inntil to planleggingsdagar i året der SFO er stengt. 8 Personale og leiingRektor ved Vågåmo skule har det administrative og faglege ansvaret. Rektor kan delegere oppgåver til ein som får ansvar for den daglege drifta av skulefritidsordninga. Dette fylgjer av forskrift om rammeplan for skulefritidsordninga § 1. Bemanninga i SFO skal som norm vere 15 barn pr. vaksen. Barn med særskilde behov kan utløyse ekstra bemanning. 9 IverksettingDenne forskrifta trer i kraft frå 12.12.2024. Samstundes blir kommunal vedtekt for SFO av 01.06.2021 oppheva. Sist endret 07.05.2026 10.01