Har du fleire barn i barnehage?
- Om du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørgje for at du får reduksjon i foreldrebetalinga – dette blir kalla søskenmoderasjon.
- Du har rett til søskenmoderasjon sjølv om barna går i ulike barnehagar, og sjølv om barnehagane har forskjellige eigarar.
- For det andre barnet skal du få minst 30 prosent reduksjon.
- For det tredje barnet og eventuelt fleire, er barnehageplassen gratis.
Har du låg inntekt?
Det finst to ordningar for familiar og hushald med låg inntekt:
1. Reduksjon i foreldrebetaling
Ingen skal betale meir enn 6 prosent av samla inntekt for ein barnehageplass.
Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av inntekta di, skal du få redusert pris.
2. Gratis kjernetid
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt, har rett til 20 timar gratis opphald i veka i barnehage.
Ordninga gjeld uavhengig av om barnet har heiltids- eller deltidsplass.
Har barnet rett til gratis kjernetid, får det 20 timar gratis per veke – også om familien vel å bruke berre desse timane.