Barn som går i barnehage er meir utsett for infeksjonar enn andre barn. Erfaring viser at strenge reglar for å
halde sjuke barn heime har avgrensa effekt på spreiing av smitte. Det skuldast mellom anna at sjukdommar er smittsame før teikna på sjukdom visast. Vanlegvis er det barnet sin allmenntilstand som avgjer om det bør vere heime frå barnehagen. Som hovudregel bør barnet vere friskt nok til å kunne delta i normale aktivitetar i barnehagen og feberfri når det er i barnehagen. For å hindre spreiing av smitte til andre, kan det for enkelte sjukdommar likevel vere nødvendig å bli heime.
Dersom barnet har smittsame sjukdommar som krev legebehandling (f.eks. hjernehinnebetennelse og kikhoste), er det viktig at du drøftar det med legen kor lenge barnet skal vere borte frå barnehagen.
Døme på når barn bør haldast heime
Feber
Barn sin normale temperatur kan variere. Meir enn 37,5 ° om morgonen og 38 ° på kvelden reknast som forhøya temperatur. Barn med feber bør først og fremst av omsyn til seg sjølv haldast heime til det er feberfri. I nokre samanhengar kan det vere ønskjeleg av smittevernomsyn.
Forkjølelse, hoste og influensaliknande symptom
Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.
Ørebetennelse
Barnet kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.
Augekatarr
Det er ikkje grunnlag for å anbefale at barnehagebarn med mild til moderat augekatarr haldast heime. Ved kraftig augekatarr med mykje pussdanning skal du kontakte lege. Barnet bør haldast heime inntil pussdanninga har avteke. Dersom behandling igangsettast, kan barnet gå i barnehage dagen etter igangsett behandling.
Brennkoppar
Barn med brennkoppar kan vende tilbake til barnehagen når såra er under kontroll. Det blir ei skjønnsmessig vurdering - grunnlaget for vurderinga må vere at det ikkje lenger er fare for at smitteførande sårsekret kan påførast andre barnehagebarn direkte eller indirekte gjennom kontaktpunkt.
Vasskoppar
Barnet kan vende tilbake til barnehagen når utsletta har begynt å tørke inn.
Diaré og/eller oppkast
Smitterisikoen er størst medan ein har symptom med oppkast og diaré, og barn bør haldast heime i denne perioden.
Barn med diaré kan vende tilbake til barnehagen to døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Dette gjeld også bleiebarn.
Barn som til vanleg har ein tendens til laus avføring treng ikkje å haldast borte frå barnehagen. Det må vere foreldra som avgjer om barnet har ein unormal diarétilstand.
Ved diarétilstandar der ein mistenkjer smitte gjennom matvarer (for eksempel etter utanlandsreise) bør barnet undersøkast av lege og det bør sjekkast om andre barn i barnehagen har symptom. Ved smittsame diarèlidingar i husstanden, kan det vere lurt å drøfte med lege om barnet skal halde seg borte frå barnehagen.
Hovudlus
Om det oppdagast hovudlus hjå barn i barnehagen, er det ikkje nødvendig å sende barnet heim. Barnet kan halde fram i barnehagen som normalt, etter så raskt som mogleg å ha begynt på lusekur.
Mark (barnemark)/spolmark
Barnet kan vende tilbake til barnehagen etter igangsett behandling.
Ringorm
Barnet kan vende tilbake til barnehagen dagen etter at behandling er igangsett.
Skabb
Barnet kan vende tilbake til barnehagen dagen etter at behandling er igangsett.
Døme på når barn ikkje treng å haldast heime
Ved påvising av enkelte sjukdomar er det ikkje føremålstenleg å halde barn heime. Det kan vere fordi sjukdommen i stor grad smittar før symptom oppstår, eller fordi smitterisikoen er svært liten når barnet er blitt frisk, eller fordi tilstanden er vanleg og lite alvorleg.
Døme på slike sjukdommar er femte barnesjukdom, munnsår, vorter og hånd-fot-munnsjuke.
Les meir informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider