Ope informasjonsmøte 3. desember 2024 - flaumsikringsprosjektet.
NVE og Vågå kommune inviterer til ope informasjonsmøte 3. desember kl. 19.00 på Vågå kulturhus. Det vil bli orientert om status i arbeidet med flomsikringsprosjekt og områdeplan.
Agenda for møte er:
- Velkomen/introduksjon
- Kvar er vi i prosjektet og nytt om distriktsandel - NVE
- Presentasjon av moglege tiltak i området ved Smedsmodammen - Multiconsult
- Status prosjektering bruer og sikringstiltak Nugga - Multiconsult
- Sikring mot Otta og samarbeid med Statens vegvesen/bruk av rv15 som flomsikring - NVE og Multiconsult
- Reguleringsplanprosess - Vågå kommune
På møte vil det vere moglegheit for å stille spørsmål om pågåande arbeid med flomsikring og reguleringsplan.
Frå flaumen 2011
Vågå kommune
Publisert av Laila Iren Nersveen
Sist endret 29.11.2024 09.41