Korleis opplever du som innbyggar reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen?Nord‑Gudbrandsdalen arbeider målretta for å bli resertifisert som Berekraftig reisemål. Dette er eit langsiktig arbeid som handlar om å utvikle reiselivet på ein måte som tek vare på naturen, lokalsamfunna og dei unike stadene vi bur på.For å lukkast treng vi kunnskap om korleis reiselivet faktisk blir opplevd av dei som kjenner regionen best – nemleg innbyggjarane.Vi vil høyre frå deg!No inviterer vi alle innbyggjarar i Vågå til å svare på ei kort spørjeundersøking. Dine svar gir verdifull innsikt i korleis reiselivet opplevast lokalt, og kva som skal til for at utviklinga skal vere positiv for både innbyggjarar, natur og næringsliv.Undersøkinga tek berre nokre få minutt å gjennomføre, og som deltakar blir du med i trekninga av:to billettar til Gjendebåtento årskort til Galleri UllinsvinFrist 6. aprilDelta her påInnbyggerundersøkelsen 2026: https://no.surveymonkey.com/r/Innbyggerundersokelse2026 Vi håpar du vil ta deg tid til å dele dine erfaringar – det betyr mykje for arbeidet med ei berekraftig framtid for reiselivet i Nord‑Gudbrandsdalen.Du kan lese meir om ordninga Berekraftig reisemål her:Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning Publisert av Live Brimi Sist endret 23.04.2026 09.48
17. mai-program for Vågå kommune Nedanfor vil de finne 17. mai-program for dei ulike grendene. Publisert 30.04.2026 kl. 10.35
Markering av frigjeringsdagen 8. mai Bli med å markere frigjeringsdagen ved minnesteinen ved kyrkjebolken. Publisert 28.04.2026 kl. 16.08
Varsel om grunnundersøkingar i Vågåmo Vågå kommune legg ut denne informasjonen for å gjere innbyggjarar merksame på at det vil bli gjennomført grunnundersøkingar i Vågåmo i veke 18, med pl... Publisert 24.04.2026 kl. 14.36
Informasjon om ope svømmehall Siste publikumsbading på ope svømmehall blir 22. april. Publisert 22.04.2026 kl. 09.36
Oppmelding til norskprøve sommer 2026 Norskprøva er for deg som går på norskkurs, og for andre som ønskjer å dokumentere kor gode norskkunnskapar dei har. Publisert 13.04.2026 kl. 15.50
Taksering av tiurleik og bever – vi ber om innspel! Kommunen ønskjer no innspel frå publikum i samband med kartlegging av både tiurleiker og bever føre den komande sesongen. Publisert 30.03.2026 kl. 10.22
Kva er eigentleg merket for berekraftig reisemål? Vågå kommune, saman med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen, startar no arbeidet fram mot resertifisering av merket for Berekraftig reisemål. Me... Publisert 19.03.2026 kl. 12.31
Trafikk, vegopning og transporttilbod over Valdresflye i påska Driftsentreprenøren startar arbeidet med å frese opp strekninga mellom Beitostølen og Maurvangen så snart veret tillet det. Dersom vêret held seg og a... Publisert 19.03.2026 kl. 12.15
Min Eiendom No kan du inn og sjå oversikt over din eigedom via Vågå kommune. Publisert 18.03.2026 kl. 12.49
Har du fritidsbustad i Vågå? Vi vil gjerne høyre frå deg Nord‑Gudbrandsdalen arbeider no med å bli resertifisert som Berekraftig reisemål. I dette arbeidet spelar fritidsbustadeigarane ei viktig rolle. De bi... Publisert 18.03.2026 kl. 09.37
Eigar etterlysast! Det har vorte innlevert ein bilnøkkel til Servicetorget som saknar eigaren sin. Ta kontakt med Servicetorget om du er eigaren. Publisert 17.03.2026 kl. 12.39
Regionalt beredskapsråd: Kommunane si rolle i totalforsvaret Kommunane i Nord-Gudbrandsdal møttest denne veka til regionalt beredskapsråd. Tema for samlinga var kommunane si rolle i totalforsvaret, og korleis ul... Publisert 13.03.2026 kl. 14.40
Symmjehallen er no open for bruk igjen Symjehallen er no opna igjen for vanleg bruk. Publisert 05.03.2026 kl. 09.48
Status breiband Vågå kommune Her kan du sjå status for breiband-prosjekt i Vågå. Publisert 04.03.2026 kl. 15.34
Ope møte om Sankthansfeiring på Maihaugen Vil du vere med å lage stemning på Maihaugen 23. juni? Velkomne til ope informasjonsmøte om Sankthansfeiring på Maihuagen. Publisert 03.03.2026 kl. 09.01
Kommunen søkjer bustader til sommarvikarar Kommunen er på utkikk etter bustader til sommarferievikarar i perioden veke 24–34, og oppmodar dei som har noko til leige om å ta kontakt. Publisert 24.02.2026 kl. 08.57
Eigedomsskatt 2026 – skatteliste og klage Skattelista er lagt ut på heimesida til Vågå kommune frå 23. februar 2026. Lista ligg ute til gjennomsyn i tre veker, med heimel i eigedomsskattelova ... Publisert 23.02.2026 kl. 15.44
Utfall av mobil og breiband er nå retta Feilen er retta og basestasjonene til Telenor, Telia og Lyse Tele (ICE) er attende i normal drift. Publisert 19.02.2026 kl. 21.06
Driftsmelding - utfall på mobil og breiband Det er for tida utfall på mobil- og breibandstenester. Publisert 19.02.2026 kl. 15.16
Flaumsikringsprosjektet i Vågåmo skal utgreiast vidare – vil ta lengre tid NVE har oppdatert kostnadsoverslaget for flomsikringsprosjektet i Vågåmo. Prosjektet er no berekna til om lag 1,1 milliardar kroner og skal derfor inn ... Publisert 19.02.2026 kl. 14.44