Skulen skal sørgje for at avgjerder blir tekne på eit forsvarleg grunnlag. Eleven sitt beste skal vere eit grunnleggande omsyn. Før det blir teke avgjerder om tiltak, blant anna bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda, jf. opplæringslova §9a 10-11. Denne uttaleretten gjeld i høve til alle type tiltak, og elevane har rett til å uttale seg direkte til den som skal fatte avgjerda. Kor utførleg dette blir handsama, vil variere med alvorsgraden av regelbrotet. Brot på ordensreglementet skal handsamast på lågast mogleg nivå.
Når ein vurderer kva tiltak som skal setjast i verk, skal det alltid leggjast vekt på eleven sin alder og føresetnader for å forstå konsekvensane av regelbrotet, og eleven sin vilje til å rette opp følgjene av regelbrotet. Sanksjonar som blir gjeve må stå i forhold til graden av alvor av brotet på skulereglane. Kollektiv straff er ikkje lov. Alle reaksjonar skal grunngjevast skriftleg og det skal lagrast i elevmappa til eleven.
Kven bestemmer sanksjonane?
Rektor avgjer bruken av sanksjonar. Tilsette på skulen treffer avgjerder innanfor ramma av den mynde som rektor har delegert. Avgjersle om bortvising må takast av rektor sjølv, jf. opplæringslova 13-1. Rektor kan delegere til lærar om å ta avgjerd om bortvising frå eigen undervisning for inntil 2 klokketimar, jf. opplæringslova § 13-1.
Ved sanksjonar må skulen sikre følgjande:
Eleven har alltid rett til å uttale seg til den som treffer avgjerda før det blir vedteke å nytte sanksjonar, jf. opplæringslova § 10-7 og Barnekonvensjonen artikkel 12. Hendinga og regelbrotet må være tilstrekkeleg godt undersøkt jf. krav om god forvaltningsskikk. Skulen skal skriftleg dokumentere grunnlag for bruk av sanksjonar, kva regel som vart brote, tidspunkt og kva sanksjon som vart nytta.
Enkeltvedtak
Ved alvorlege regelbrot kor eleven blir vist bort frå undervisninga, skal saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak etter Forvaltningslova fylgjast. Ein krev ikkje enkeltvedtak ved bortvising bestemt av lærer.
Nærmare om bortvising
Bortvising kan berre brukast ved alvorlege eller gjentekne regelbrot, jf. opplæringslova § 13-1. Dette gjeld uavhengig av lengda på bortvisinga. Hjelpetiltak eller sanksjonar skal vurderast før bortvising blir nytta, jf. opplæringslova § 13-1 andre ledd. Ved bortvising for resten av skuledagen skal føresette varslast. Bortvising kan ikkje setjast i verk for elevar viss skulen ikkje får varsla føresette.