Handverkslab

Kulturskulen startar opp med eit nytt tilbod hausten 2025.  I løpet av skuleåret kan du bli med på opp til fire ulike handverkskurs. Kvart kurs kan ta 6 deltakarar.

Her melder du deg på Handverkslab og skriv inn i feltet for kommentarar (på søknadsskjemaet)  kva for teknikkar du er mest interessert i. Dei kursa som får flest stemmer, blir gjennomførte i 2025/26. Alle som har meldt seg på Handverkslab får tilbud om å vere med på kursa. Materialkostnadane er inkludert i kursprisen.

Ein kan velje mellom desse kursa:

  • Glaskunst
  • keramikk
  • trearbeid
  • lêrarbeid
  • visuell kunst
  • smiing
  • knivmaking
  • veving

 

Kvart kurs går over åtte veker.  Dei ulike kurs vil ha ulike undervisningsstader, etter kva som er mogleg. Kursa går i samarbeid med Håndverkshagen på lalm, Vågå husflidslag, Ullinsvin, Ulu of Norway og keramiker Nina Andrea Standerholen. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen.

Artikkelliste