Tildelingskontor - tildeling av tenester i helse og omsorg

Tildelingskontoret tek i mot og behandlar søknader om helse- og omsorgstenester i Vågå kommune. 

Ta kontakt på tlf: 453 43 573. Du kan og sende epost til oss, tildeling@vaga.kommune.no, men hugs å ikkje sende epost med sensitivt innhald.

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester (PDF, 128 kB)

Fullmakt (PDF, 94 kB)

Sjå Kvalitetstandarden (PDF, 412 kB) for nærmare informasjon om tenestene innan Helse og omsorg.

For å få vurdert søknaden vil Tildelingskontoret i dei fleste tilfelle foreta ei kartlegging ved eit heimebesøk. Det er ønskjeleg at nærmaste pårørande deltek under ei slik kartleggingssamtale. Det blir gjeve skriftleg svar på søknaden og det blir fatta enkeltvedtak på alle tenester som er forventa å vare utover 14. dagar.

Om du ønskjer informasjon om våre tenester eller har spørsmål om søknad om tenester kan du kontakte oss. 

Funksjonen «Koordinerande eining for habilitering- og rehabilitering» er underlagt Tildelingskontoret.

Meir informasjon om rehabilitering (helsesenter/fysioterapi/ergoterapi)

Artikkelliste

Kontakt

Mai Britt Myrum
Tildelingskontoret
Telefon 453 43 573