Skulestart Lalm skule måndag 17. august

Velkomen til eit nytt skuleår ved Lalm skule. No gler vi oss til å ta i mot elevane våre igjen. 

Skulestart måndag 17. august klokka 08.40: 

  • 1. og 2. steg skal møte opp på graset utafor hovudinngangen til skulen. 
  • 3. og 4. steg skal møte opp ved reirhuska
  • 5. steg møter ved storsteinen 
  • 6. og 7. steg møter på handballbana

Dei tilsette vil vere ute i skulegarden og ta i mot elevane. 

 

Covid-19: 

Vi skal frå skulestart kjøre etter gult nivå. Det blir fokus på hygiene, handvask og spriting og kontaktflatevask ein ekstra gong i løpet av skuledagen. Elevar som er sjuke skal ikkje koma på skulen.

 

Kva er gult nivå

1. Ingen sjuke skal møte på skulen

2. God hygiene og forsterka reinhald

3. Kontaktreduserande tiltak:

Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Heile klasser kan ha undervisning saman
Elever bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-grupper
Tilsette kan veksle mellom klasser, men bør halde avstand til elevar så langt som råd
Utanfor klasserommet er elevar og tilsette oppmoda om å halde ein meter avstand i alle situasjonar
Unngå trengsel og store samlingar

 

På Utdanningsdirektoratet sine sider står det:

Skolene skal følge gult nivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheter beslutter at det skal være rødt tiltaksnivå. Ved gult nivå kan hele skoleklasser være samlet, og alle elever skal få et fulltidstilbud på skolen med ordinære skoledager. Det er ikke behov for å gjøre avvik fra opplæringsloven. Foreløpig er det ikke åpnet for at det kan gjøres lokal nedjustering til grønt tiltaksnivå.

Skoleskyss

Elever som er avhengig av skoleskyss, må få den skoleskyssen de trenger for å komme seg til og fra skolen. Elever som skal til og fra skolen skal prioriteres framfor andre reisende, og reisende oppfordres til å ta hensyn til dette. 

 

Vi oppmodar framleis alle om å sende elevane til skulen så nære 08.40 som mogleg.

  • Den tradisjonelle haustturen blir utsett til vi er på grønt nivå i trafikklysmodellen. 
  • Vi vil invitere til foreldremøte innan utgangen av august.
  • Vi minnar samstundes om skulemjøk og skulefrukt på https://www.skolelyst.no/ og www.skolefrukt.no for dei som ynskjer det.  

For nærare informasjon eller spørsmål ta kontakt med Tor-Even Vågheim, torvagh@vagaskulane.no / 995 89 612)