Alle barnehagar på gult nivå frå måndag 17. august

I henhald til nasjonal føring, er alle skular og barnehagar på gult nivå ift koronapandemien frå og med måndag 17. august.

Gult nivå

1. Ingen sjuke skal møte i barnehagen (sjå rettleiar)

2. God hygiene og forsterka reinhald (sjå rettleiar)

3. Kontaktreduserande tiltak: unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelsing og klemming). Heile avdelinga reknast som ein kohort, faste tilsette per kohort, unngå trengsel og store samlingar, tilstreb avstand mellom avdelingane/kohortane både ute og inne, del opp uteområda

 

Reinhald

Forsterka reinhald. Reinhaldsansvarleg lagar eigne reinhaldsplanar og gjev reinhaldarane ekstra oppgåver. I tillegg til den normale vasken i barnehagen om morgon er dei innom to gongar til for å ta alle kontaktflater/utsette områder som dørhandtak, vaskerenner, kraner, ljosbrytarar med meir, dette skjer kl.11 og kl.13.30.

Tilsette: ansvar for at bord vaskast etter bruk med såpe og vatn, vask av leiker dagleg om fleire kohorter bruker det same, sengekleder oppbevarast adskilt og namna, elles følgjer vi vaskeplanane vi har for både kleder og kjøkkenutstyr.

Det er ikkje behov for vask av uteleikar/leikeapparat- det viktigaste er at barna vaskar hender før dei skal ut og når dei kjem inn att.

Toalett/bleieskift; alltid hansker ved bleieskift, vask av hender etter bleieskift og etter toalettbesøk.

 

Redusert kontakt mellom personar på gult nivå

Fysisk kontakt: behovet for nærleik og omsorg hjå barna må ivaretakast. Tilsette bør vaske hender etter kos og trøyst.

Organisering av kohortar:

avdeling reknast som ein kohort, faste tilsette per avd/kohort, to kohortar kan samarbeide for praktisk gjennomføring av barnehagedagen (da helst ute), kohortar kan passere kvarandre og vere i same rom inntil 15 minutt.

Kohortar som IKKJE samarbeider kan opphalde seg i same rom når det minimum er to meter mellom kohortane over lenger tid, kohortar som IKKJE samarbeider bør ha ulike leikeområde ute, men dei kan nytte leikeområda etter kvarandre og det  treng ikkje å reingjere område i mellom. Fleire kohortar kan vere ute samstundes - men da må leikeområda delast i soner.

Tettleik i gruppa:

unngå trengsel inn og ut frå barnehagen, på toalett og i garderobe, foresatte må halde ein meters avstand til tilsette og andre foresatte.

Begrense deling av mat og gjenstandar: barna har med matpakke og frukt, barna et frukost heime, barn bør eta i sine kohortar, begrense deling av materiell mellom kohortar, leikar bør ikkje delast mellom kohortar før dei er reingjort, leiker frå heime som kosedyr eller liknande må haldast begrensa til barnet for eksempel til kviling/soving.

Tilsette:

unngå fysisk kontakt mellom tilsette, handhelsing og klemme kvarandre, halde avstand med minst ein meter til kollegar, ekstra fokus på hygiene rundt matbord, unngå at tilsette arbeidar i ulike barnehagar same dag, sette seg inn i smittevernreglene, andre tenester, f.eks. PPT, skal følgje basale smittevernrutinar etter gjeldande anbefalingar og kan utføre sitt arbeid som normalt.

Barna tek med matpakker frå heime

Åpningstid 7.30 - 16.00