KFU (kommunalt foreldreutvalg)

"Mellom Foreldrerådets arbeidsutvalg (FAU) ved den enkelte skole og FUG på sentralt nivå, er det ikke noe lovhjemlet foreldreorgan. I omkring 180 av landets 430 kommuner er det opprettet foreldreutvalg på kommunalt nivå (KFU) på frivillig basis. Hensikten med KFU er å koordinere skolenes behov og ønskene i kommunen, og å drive opplæring og erfaringsutveksling." 

Sjå meir på www.fug.no.

Det kommunale foreldreutvalget består som regel av FAU-leiarane ved skulane i kommunen. I store kommunar må det velgjast eit styre. Initiativ til å opprette KFU kan takast både av foreldra og av skuleadministrasjonen.

KFU bør vera breitt representert og vere ein naturleg samarbeidspart for politikarar og skuleadministrasjon.

Aktuelle arbeidsoppgåver for KFU: 

  • Arbeide med saker av felles interesse for alle skulane i kommunen, til dømes arbeid mot mobbing
  • Heve kompetansen hjå foreldra i kommunen ved til dømes å arrangere foreldrekontaktkurs og/eller kurs for medlemmar av skulens rådsorgan
  • Informere om aktuelle saker som berører alle foreldre i kommunen
  • Arbeide for eit godt samarbeid med skuleadministrasjonen og skulepolitikarar i kommunen 
  • Vere synlege, aktive og konstruktive medspelarar for ein best mogleg skule