Valg 2021

Valdatoane for årets stortingsvalg er 12. og 13. september.

Digitalt valkort

I år blir det sendt ut digitale valkort.

Når du som veljar får valkortet digitalt, vil du som har smarttelefon kunne ha valkortet tilgjengeleg når du skal stemme. Valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har stemmerett ved valet. 

Valkort på papir

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, vil få valkortet tilsendt på papir.

Står du i manntallet?

For å kunne røyste ved stortings- og sametingsvalet 2021 må du stå i manntalet.
Du kan undersøke om du står i manntalet i kommunen der du bur, når det blir lagt ut til ettersyn. Manntalet er lagt ut til ettersyn desse stadene:

  • Vågå kommunehus
  • Coop Marked Lalm
  • Vågå Bibliotek

Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan
30. juni, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Då kan du anten røyste på førehand eller du
kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.

Dersom du får valkort står du i manntalet. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført,
kva krets du høyrer til og kva opningstider kretsen har. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10. august
bør du ta kontakt med kommunen for å sjekke at du står i manntalet. Hugs å ta vare på kortet og ta det
gjerne med deg når du skal røyste.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage.
Klagen skal vere skriftleg og grunngjeve. Send klagen til valstyret i kommunen. 

Adresse: Valstyret i Vågå, Edv. Stormsveg 2, 2680 Vågå - eller pr epost til postmottak@vaga.kommune.no

Sametingets valmanntal ligg også ute til ettersyn på same stad og i same tidsrom. Klage på samemanntalet skal sendast til Sametinget.

Førehandsrøysting

Dersom du ønskjer det, kan du røyste på førehand. Du kan røyste på førehand i den kommunen du sjølv ønskjer.

Dersom du førehandsrøyster i ein anna kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 10. september.

Ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å røyste på førehand. Viss røystemottakaren ikkje kjenner deg, vil du elles ikkje få røyste. Dersom du har fått tilsendt valkort, bør du ta med det og, sjølv om det ikkje er noko krav for å få røyste på førehand.

Frå 10. august og til og med 10. september 2021 kan du førehandsrøyste her:

• Servicetorget på kommunehuset måndag - fredag mellom 07.30-15.00

I tillegg blir det mogleg å stemme fram til kl. 20.00 torsdag 26. august

Veljarar som bur i institusjon kan røyste på førehand på Vågåheimen, tysdag 7. september mellom kl. 09.00 og 12.00

Både bebuarar og tilsette kan førehandsstemme. Besøkjande og andre kan også stemme  dersom det ikkje er restriksjonar ifb. smittevern ved institusjonen. 

Røyste heime?

Om du på grunn av sjukdom, uførleik eller andre årsaker er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg. Det er ikkje nødvendig å søkje dersom du oppheld deg på ein institusjon der det blir arrangert førehandsrøysting.

I førespurnaden må du gje opp fullt namn, fødselsdato og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet. Du må og gje opp eit telefonnummer som vi kan nå deg på. Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å søkje om å få røyste heime.

Søknadsfrist 10. september 2021

Søknaden sendast til Valstyret i Vågå, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå eller 
e-post; postmottak@vaga.kommune.no, telefon 61 29 36 00.

Her kan du røyste på valdagane

Du har røysterett om du står i manntalet. For å bli innført i manntalet må du vere norsk statsborgar, fylle 18 år eller meir innan utgangen av 2021 eller vere folkeregistrert som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen eller vere statsborgar i eit anna nordisk land og blitt ført i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2021.

Hugs å ta med legitimasjon med bilde når du møter fram for å røyste. 

Viss du har fått tilsendt valkort, bør du ta det med og sjølv om det ikkje er noko krav for å få røyste.

Valkrets og røystestad:

• Vågåmo – Kommunehuset
• Lalm – Lalm Samfunnshus
Søndag 12. september frå klokka 15.00 til klokka 18.00
Måndag 13. september frå klokka 10.00 til klokka 18.00

Er du i karantene eller isolasjon?

Vi anbefaler deg som er i karantene å vente med å stemme til du er ute av karantenen. Dersom dette ikkje lar seg gjera, kan du stemme heime.

Er du i isolasjon eller har nyoppståtte symptomer på luftveisinfeksjon, skal du vente med å stemme til du er frisk og ute av isolasjon. Den siste veka før valgdagene kan du stemme frå heime. Da vil to valmedarbeidarar med smittevernutstyr komme heim til deg for å ta imot stemmen din. Du må har på deg munnbind når du avlegger stemme hjemme.

Dersom du er i karantene eller isolasjon siste veka før valdagane, kan du søkje om å stemme heime frem til kl.10 på valgdagen 13. september. For andre er fristen fredag 10. september kl. 10.00.