Planstrategi

Kommunestyret sluttbehandla i møtet 15.12.20 "Kommunal planstrategi for Vågå kommune 2020-2024", i sak 68/20. Planstrategien gjer greie for viktige utviklingstrekk og utfordringar i kommunen.

Den kommunale planstrategien skal vere eit hjelpemiddel for kommunestyret til å avklare kva for planoppgåver kommunen skal prioritere i valperioden for å imøtekome kommunen sitt behov. Ved utarbeiding av planstrategi for perioden 2020-2024 er det utarbeidd eit utfordringsdokument som viser utviklingstrekk og utfordringar for Vågå kommune. Dette dokumentet er brukt som eit underlagsdokument til utarbeiding av sjølve planstrategien. Dette dokumentet vart politisk behandla i formannskapet og kommunestyret i juni 2020. 

Gjeldande dokument:

Kontakt

Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Telefon 61 29 36 15