Offentleg ettersyn – reguleringsplan for Fjellsida Lemonsjøen

Formannskapet vedtok 21.4.2020 sak 12/20, med heimel i plan- og bygningslova §§12-10 jf. 12-11, å leggje ut forslag til detaljregulering for Fjellsida Lemonsjøen til offentleg ettersyn.

Formålet med planen er å opne for utbygging av 55 fritidsbustader og 122 fritidsleilegheiter i leilegheitsbygg nær Lemonsjøen alpinanlegg. 

Planområdet er ca. 200 dekar og tilsvarar område F05 og F/FT01 i kommuneplanens arealdel. Forslagsstillar er Lemonsjøen Utvikling.

Planområdet ligg på vestsida av Fv51 og grenser til nedfartsløype for alpinanlegget.

Høyrer også forslag om inngjerding av heile hytteområdet

Det går fram av vedtak i saka at formannskapet ønskjer å høyre forslag om "Heile hytteområdet skal gjerdast inn" som eit alternativ til føresegnene punkt 3.3 om 50 meter gjerde på kvar fritidstomt. Føresegnene punkt 3.3 er utforma i samsvar med dei felles gjerderetningslinene i kommuneplanen. 

Vågå kommune ber ut frå dette om at det i tillegg til framlagt planforslag også blir gjeve uttale til forslaget "Heile hytteområdet skal gjerdast inn".

Plandokumenta er også tilgjengelege for gjennomsyn i servicetorget på kommunehuset. 
Plankartet er også lagt inn i kommunen si kartinnsynsløysing. Ein finn  kartet ved å huke av på "arealplanar" og deretter huke av på "under arbeid" i menyen til venstre.

Frist for uttale er 6. juni 2020. 

Uttale kan sendast på e-post til postmottak@vaga.kommune.no eller per post til Vågå kommune, Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå. 

 

Plandokument