Offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for skiferbrot i Nordheringslie

Forslag til detaljregulering er jf. Vågå formannskap sitt vedtak i sak 57/19 med heimel i pbl §§ 12-10 jf. 12-11, lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Formålet med planen er å opne for permanent uttak av skifer i Nordheringslie i Skogbygde, på vestsida av Finna elv. Planområdet er ca. 292 dekar stort og avgrensa av Liasetervegen og tilkomstvegen til eldre skiferbrot. 

Dovreskifer AS er forslagsstillar. Uttaksområdet omfattar i hovudsak gnr/bnr 68/4 og 69/3, men planforslaget omfattar fleire eigedommar og medfører behov for utbetring av m.a. vegtilkomst til området. 
Planforslaget er tilgjengeleg i kommunen si kartinnsynsløysing og er også lagt ut i servicetorget på kommunehuset.

Frist for uttale er 26.05.2020.

Uttaler kan sendast til Vågå kommune pr. post til Edvard Stormsveg 2, 2680 Vågå eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no

 

Plandokument: