Kommunal planstrategi for Vågå 2020-2024 – høyring av planforslag

Formannskapet behandla i møtet 22.09.2020 sak 38/20 og fatta følgjande vedtak:
"Med heimel i plan- og bygningslova § 10–1 blir forslag til kommunal planstrategi 2020 – 2024 lagt ut til offentleg ettersyn i 4 veker med følgjande tillegg; Punkt Kultur og frivilligheit blir delt i to til; Plan for kultur og plan for frivilligheit og livslang læring."

Planstrategien gjer greie for viktige utviklingstrekk og utfordringar, og prioriterer kva for kommunale planar som skal reviderast i perioden. Synspunkt og merknader sendast Vågå kommune, Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå, eller på e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Forslag til planstrategi er hovuddokumentet. Folkehelseoversikt og drøftingsdokument som viser utviklingstrekk og utfordringar i Vågå kommune er viktige underlagsdokument som er lagt til grunn for utarbeiding av sjølve planstrategien. Høyringsbrev med saksframlegg og vedtak er også lagt ved.

Høyringsfrist er sett til 28. oktober 2020.

Plandokument:

Kontakt

Laila Nersveen
Plan- og miljøvernrådgjevar
Telefon 61 29 36 15