Kommunal veg - generelt

Vågå kommune, ved Teknisk sektor, har ansvar for heilårsdrift, heilårsvedlikehald og forvaltning av om lag 85 km kommunale vegar, gater, gang- og  sykkelvegar og fortau.

Vegnettet 

Vegnettet er samansett av fire vegtypar, som ulike instansar har ansvaret for:

 
Vegtype Ansvarleg
Riksveg Statens vegvesen
Fylkesveg Statens vegvesen
Kommunal veg Vågå kommune
Privat veg Grunneigar/vegeigar

 

I tillegg har sektoren ansvar for trafikksikringsarbeid, oppfølging av entreprenørar som gjer arbeid på og ved kommunal veg, gravemeldingar, bomvegar og gateljos.

Kommunen har vedlikehaldskontrakt med tre lokale entreprenørar.

 

Tenesteområdet omfattar mange ulike arbeidsoppgåver fordelt over året:

  • vårrensk av vegar, sluk, kummar
  • vedlikehald, asfaltering, kantslått, oppmerking, ferister, reinhald
  • oppsetjing av brøytestikkar og annan vinterførebuing
  • brøyting, strøing, bortkjøring av snø, tining av stikkrenner
  • drift av gateljos

Kontrakta med entreprenør fastset rammer for vedlikehaldet, t.d. er det fastsett klare krav om når brøyting skal skje. 

 

Heimel  og grunnlag for tenesta:


Samordning og samarbeid er viktig i arbeidet for å vedlikehalde vegnettet til beste for brukarane. Kommunen samarbeider derfor både med fylke og stat, med den enkelte trafikant, med aktørar i skulane,  friviljuge organisasjonar, ulike vel-lag og bustadområde og med næringslivet i kommunen. 

Vågå kommune har gjennom eit omfattande samarbeid med dei nemnde aktørane utarbeidd ein trafikksikringsplan som skal vera eit hjelpemiddel i prioriteringa av tiltak.