Gateljos

Vågå kommune har ansvar for alle gateljos langs dei kommunale vegane samt gjennom Vågåmo sentrum på fylkesveg 452.

Oppdagar du att eitt eller fleire gateljos sluttar å fungere kan du ta kontakt på følgjande vis: 

Ring servicetorget på tlf.: 61 23 96 00

Du kan og sende epost til: postmottak@vaga.kommune.no


Vi ber om forståing om problema ikkje blir retta omgåande, ettersom dette krev større ressursar enn kommunen har. Skifting av pærer og feilsøking blir gjort etter innsendte klager og regelmessige synfaringer.