Bomvegar

I Vågå kommune er det 2 kommunale bomvegar - Slådalsvegen og Blåhøvegen.
Vegane er avstengde med elektroniske bommar der du må betale med kort (ikkje kontant betaling).

Har du problem med å opne bommen, kan du ringe vår vakttelefon 41 69 49 15 eller kontakte servicetorget i kommunen (mån - fre: 07.30 - 15.00) på tlf 61 29 36 00.

Sesongkort får du utlevert i servicetorget på kommunehuset, og kortet aktiveres og blir og fornya ved bommen

Desse vegane er opne berre om sumaren og blir ikkje brøytt før forholda tilseier det.
Det kan skje at vegane blir stengt om det er behov for opptørking eller det er sett i gang vegarbeid. 

 

Slådalsvegen

Slådalsvegen er ein fjellovergang og ein snarveg over til Lesja kommune. 
Denne vegen blir ofte opna fyrste måndagen etter 17. mai, alt etter korleis vinteren har vore og kor tørr vegbana er. Vegen blir stengt når snøen kjem. Melding blir lagt ut når vegen opnar og stenger.

Vegen har vektrestriksjon inntil vidare, på max 6 tonn (gjeld Lefinna bru)

Prisliste Slådalsvegen
Prisliste Slådalsvegen
Type køyrety Enkelttur Sesongkort
Personbil/traktor/motorsykkel 100,- 1.000,-
Firma/yrekesbil/buss

 

Blåhøvegen

Blåhøvegen er ein veg som ender på fjelltoppen Blåhø, 1616 moh og har ei fantastisk utsikt til alle kantar. Vegen har under gjennomsnittleg dårleg standard og det er ikkje anbefalt å køyre med låge bilar her.

Denne vegen blir brøytt opp til Vole til påska slik at bebuarane kan gå på ski og hangglider-entusiastane har moglegheit til å hoppe ut frå utsprangspunktet. Etter snøsmeltinga og vegen er blaut, blir den stengt og deretter opna att etter opptørking. Resten av strekninga opp til toppen blir som regel brøytt slik at den kan brukast til arrangementet «Blåhø-opp» sist i juni. Vegen blir stengt når snøen kjem.

Prisliste - Blåhøvegen
Prisliste - Blåhøvegen
Type køyrety Enkelttur Sesongkort
Personbil/traktor/motorsykkel 50,- 500,-
Firma/yrkesbil/buss 100,- 1.500,-

 

Er det andre spørsmål om bomvegane kan desse rettast til Vågå kommune. Du kjem i kontakt med oss slik:

Telefon: 61 29 36 00

Epost: postmottak@vagalkommune.no

Post:
Vågå kommune
Edvard Storms veg 2
2680 Vågå