Vaktmeister - reinhald - grøntanlegg

Kontaktpersonar:

Rune Grindstuen, avdelingsleiar kommunale bygg

Egil Kveen, leiande vaktmeister

Tordis Leirflaten, leiande reinhaldar

Einar Lerhaugen, koordinator sysselsettingsgruppe

 

Vaktmeistertenesten

Skal-/primæroppgåver:     

  • Syta for funksjonelle bygg og anlegg, samt syta for sikker og god tilkomst til ein kvar tid. Dette inneber dagleg/periodisk vedlikehald av bygget,  tilsyn med ventilasjonsanlegg, varmeanlegg, elektriske anlegg, heisar, sanitæranlegg, alarmanlegg, brannsikring, sløkkjeutstyr, ENØK- arbeid, kontroll/utbetringar av godkjent/akseptert leikeapparat, brøyting og strøing.  

Må-/primæroppgåver:    

  • Utføre alle nødvendige utbetringar av skader på bygning/anlegg og utstyr for  at dei skal fungera, plenslått/gartnararbeid, hjelp på kyrkjegarden.

Bør-/primæroppgåver:    

  • Anna vedlikehald for å oppretthalde byggets verdi, som kan utførast innanfor ramma av disponible midlar.

Kan-/sekundæroppgåver:    

  • Andre servicerelaterte oppgåver som vaktmeistrane kan utføra innanfor disponibel tid og kompetanse.

 

 

Reinhaldstenesten    

Skal-/primæroppgåver:    

  • Syta for riktig og tilstrekkeleg reinhald til ein kvar tid, i alle offentlege bygg.
  • Rapportera om skadar og vedlikehaldsbehov på bygg og anlegg, som vert avdekka ved dagleg reinhald  

 


Sysselsettingsgruppa:

Skal-/primæroppgåver:

  • Drive brukartilpassa arbeidsopplæring for arbeidsledige, som ikkje har rett på dagpengar eller går på passiv sosialstønad
  • Fungera som arbeids- og språkpraksisplass for flyktningar på introduksjonsstønad

Kan-/sekundæroppgåver:

  • Drive brukartilpassa arbeidsopplæring for arbeidsledige som har rett på dagpengar, som ein del av eit arbeidsmarknadstiltak