Forprosjekt symjehall

I 2016 vart det utført ei tilstandsvurdering av symjehallen av SINTEF. Rapporten viste at det ikkje lengre vil vere tilrådeleg å halde fram med drift på anlegget, utan å gjere vesentlege tiltak på bygning og tekniske anlegg.

Anlegget bør, i følgje SINTEF, ikkje drivast lenger enn til skuleslutt sommaren 2017, utan at naudsynte tiltak blir utført.   

Status/framdrift (pr. Nov.2017): 

Rådmannen finn det ikkje lenger økonomisk tilrådeleg å halde fram drifta ved symjehallen i Vågå kulturhus, av omsyn til omfang av elde og slitasje på bygg og tekniske anlegg. Det er inngått avtale mellom Vågå kommune og Vågå hotell om leige av symjebasseng på Vågå hotell. Avtala er inngått fram til og med år 2021/2022. Symjebassenget skal kunne nyttast av Vågå kommune i samband med  symjeopplæring i grunnskulen. Det er førebels ei målsetting om å få på plass ny løysing på symjehall/-basseng i løpet av komande femårsperiode.