Moajordet park- og friområde

Moajordet friområde er utvikla som ein attraktiv møteplass for fysisk og sosial aktivitet. Moajordet  inneheld nye og opplyste gangstiar, områder med sittegrupper, skateområde, BMX-bane, parkourstativ, sandvolleyballbane, rasteplass og eit område med klatre- og leikestativ for dei minste.

 

Status: Oppstart august 2016, ferdigstilt august 2017

Utførande entreprenør: Skogen Entreprenør AS og Proel AS 

Landskapsarkitekt: Feste Kapp AS

 

Vågå kommune rettar ein stor takk til Oppland Fylkeskommune for bidrag med stadutviklingsmidlar til dette prosjektet.