Helse- og omsorgsprosjekt

Utarbeide eit prosjekt som omhandlar ein heilskapleg tanke om drift og organisering av heile omsorgsløpet, og som er tufta på tanken i ei revidert omsorgstrapp der kvardagsrehabilitering er sentralt. Dette inneber ei vurdering av lokalisering og organisering av PU, psykiatri, eldrebustadar, rehabilitering og langtidsplassar.

Arkitekt/konsulentfirma: Arkitektfirma Jon Vikøren AS 

Status/framdrift (pr. nov.2017): Det har vorte utarbeidd to skisser med løysingsforslag som er presentert for prosjektgruppe, styringsgruppe og kommunestyret. Kommunestyret har vedteke  at alternativ B skal utgreiast på nytt der ein tek utgangspunkt i dei delane av Vågåheimen som kan nyttast med rehabilitering og nybygg. jf vedtak i kommunestyret 26.09.2017 PS 67/17.

Ny skisse av alternativ B er forventa ferdigstilt feb/mars 2018.