Samanslåing

Samanslåing av tilstøytande eigedomar med forskjellige gards og bruksnummer er ofte ynskja for å få ryddigare eigedomsforhold, slik at kartet stemmer betre overeins med praktisk bruk og tilhøve. Det kan og ofte vera greitt å ha færre gards og bruksnummer å ta omsyn til.

Om det har vorte delt frå eit tilleggsareal til ei tomt, vil det ofte vere krav i godkjenning til deling, om at dette arealet skal slåast saman med hovudeigedomen i etterkant.

Om det er pengehefte eller liknande som førar til prioritetskollisjon på eigedomane, må dette ordnast i samband med samanslåinga. Kommunen kan hjelpe med rådgjeving i samband med dette.

Samanslåing av eigedomar er friteke frå gebyr frå både kommune og tinglysing, og treng ingen nabovarsling.

Skjema for krav om samanslåing (skal sendast Vågå kommune)

Kontakt

Simon Stadeløkken
Ingeniør kart og oppmåling
Telefon 61 29 36 65