Prisliste - Gebyr for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova og eigarseksjonslova - 2019
Prisliste - Gebyr for forvaltningsoppgåver etter matrikkellova og eigarseksjonslova - 2019
Kapittel Type teneste Pris
1.1 Oppretting av matrikkeleining
1.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunn
Areal frå 0 - 500m2 14.770,-
Areal frå 501 - 2000m2 18.240,-
Areal frå 2001m2 - auke pr påbyrja da 1.480,-
Oppretting av grunneigedom der det ikkje er behov for måling i marka 8.070,-
1.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
Areal frå 0 - 500m2 14.770,-
Areal frå 501 - 2000m2 18.240,-
Areal frå 2001m2 - auke pr påbyrja da 1.480,-
1.1.3 Oppretting av grunneigedom og festegrunn over tilleggsareal
Areal frå 0 - 100m2 7.390,-
Areal frå 101m2 - auke pr påbyrja 100m2 750,-
Overstig arealet 1500m2 skal gebyret reknast etter pkt 1.1.1
1.1.4 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon
Areal frå 0 - 50m2 7.500,-
Areal frå 51 - 250m2 10.400,-
Areal frå 251 - 2000m2 14.770,-
Areal frå 2001m2 - auke pr påbyrja da 1.480,-
1.1.5 Oppretting av anleggseigedom - gebyr som for oppretting av grunneigedom
Volum frå 0 - 2000m2 19.900,-
Volum frå 2001m2 - auke pr påbyrja 1000m2 1.480,-
1.1.6 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige skal fakturerast etter medgått tid jmf pkt 1.8, med minstepris 3 timar
1.1.7 Oppretting av grunneigedom over større samanhengande areal
Gebyr for oppretting av grunneigedom over større samanhengande parsellar/eigedomar til landbruk, allmenne fritids- og andre allmennyttige formål skal fakturerast etter medgått tid, jmf pkt 1.8, med minstepris 3 timar
1.1.8 Registrering av festeforhold
Gebyr for registrering av feste som er i matrikkelen, men som ikkje er i grunnboka (tinglyst) 2.970,-
1.1.9 Oppretting av punktfeste 8.880,-
1.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning. I tillegg kjem gebyr etter 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4, 1.1.5 og 1.1.6 4.330,-
1.2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
Gebyr for utført arbeid når saka blir trekt før den er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endring i heimelsforhold eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1 og 1.2
1.3 Grensejustering
1.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Gebyr for grensejustering i medhald av matrikkellova
Areal frå 0 - 250m2 4.440,-
Areal frå 251 - 500m2 7.500,-
1.3.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5% av anleggseigedomen sitt volum, men den maksimale grensa blir sett til 1000m3
Volum frå 0 - 250m3 5.920,-
Volum frå 251 - 1000m3 8.880,-
1.4 Arealoverføring
1.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål
Areal frå 0 - 500m2 22.200,-
Arealoverføring pr nytt påbyrja 500m2 medfører ei auke av gebyret på 7.500,-
1.4.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna, ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining om vilkåra for samanføyning er til stade. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum.
Volum frå 0 - 500m3 23.640,-
Volumoverføring pr nytt påbyrja 500m3 medfører ei auke i gebyret på 1.480,-
1.5 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidligare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
For inntil 2 punkt 2.970,-
For overskytande grensepunkt, pr punkt 750,-
1.6 Klargjering av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/eller klarlegging av rettar
For inntil 2 punkt 4.440,-
For overskytande grensepunkt, pr punkt 1.480,-
Gebyr for klarlegging av rettar blir fakturert etter medgått tid jmf pkt 1.8, med minstepris 3 timar
1.7 Privat grenseavtale
For inntil 2 punkt eller 100m grenselengde 2.970,-
For kvart nytt punkt eller påbyrja 100m grenselengde 750,-
Alternativt kan gebyr fastsetjast etter medgått tid jmf pkt 1.8 med minstepris 3 timar
1.8 Timepris - dekkjer både direkte og indirekte kostnadar 970,-
1.9 Innhenting av nødvendig opplysning frå grunnboka mm
Alle faktiske utgifter ved innhenting av nødvendige opplysningar frå Grunnboka mm. skal vidarefakturerast til rekvirent
1.10 Urimeleg gebyr
Om gebyret openbart er urimeleg i høve dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho har gjeve fullmakt, av eige tiltak fastsette eit passande gebyr
Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeve søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsette eit redusert gebyr
1.11 Betalingsvilkår
Gebyret blir utrekna etter dei satsane som gjeld på tidspunktet for rekvisisjonen. Gebyret kan krevjast inn som forskot. Tinglysingsgebyr kjem i tillegg til satsane i gebyrregulativet der det er kravd tinglysing, det same gjeld dokumentavgift.
1.12 Forandringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka
Gjer rekvirenten under saksgangen forandringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka, skal likevel gebyret oppretthaldast
1.13 Regulering av gebyrsatsane
Gebyrsatsane skal indeksregulerast kvart år. Som indeks skal nyttast - Indeks for kart- og oppmålingsarbeid - utarbeidd av Statens kartverk. Som grunnlag for indeksen skal tala for desember månad dei to føregåande åra leggjast til grunn. Beløpet skal rundast opp/ned til næraste heile 10 kroner.
1.14 Utskrift av matrikkelbrev
Matrikkelbrev inntil 10 sider 280,-
Matrikkelbrev over 10 sider 530,-
Endring i maksimalsatsane blir regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga
1.15 Gebyr etter eigarseksjonslova
Gebyr etter eigarseksjonslova av 16.06.2017 nr 65. Ved krav om å tillate seksjonering, skal det betalast eit gebyr til kommunen. Gebyret er fastsett i lova med utgangspunkt i det til kvar tid gjeldande rettsgebyr (R) slik:
For å tillate seksjonering og reseksjonering 3R
For å tillate seksjonering og reseksjonering om det må haldast befaring 5R
Uteareal skal prisast etter pkt 1.1.3
1.16 Ikraftsetting
Gebyret gjeld frå 1.1.2019
Gebyret er regulert på grunnlag av 2018-gebyret og etter pkt 1.13