Grensejustering og arealoverføring

Det som frå gammalt var kalla makeskifte, er etter dagens matrikkellov (erstatta delingslova etter 2009) erstatta med omgrepa grensejustering og arealoverføring.

Om grensa mellom to eller fleire tilstøytande eigedomar ynskjast endra, kan det gjerast ved grensejustering, arealoverføring eller frådeling av tilleggsareal.

 

Grensejustering

Gjeld berre mindre areal, og kan berre gjerast for å bøte på ikkje tenlege eigedomshøve.

Arealgrenser for grensejusteringar er i matrikkelloven bestemt slik at netto endring av areal for den einskilde eigedom, kan utgjere maksimalt 5 % av eigedomens areal før justering, men med ei øvre grense på 500m². I tillegg kan ingen av dei involverte eigedomane gje frå seg areal større enn 20 % av eigedomens areal før justeringa. 

Verdiane er kumulative for ein eigedom. 

 

Nabovarsel

Grensejustering treng nabovarsel, men det trengst ingen behandling etter plan og bygningslov, og blir heller ikkje tinglese. Justeringa kan ikkje stri mot vedtekne arealplanar.

Kart som syner grenser før og etter justering leggjast ved rekvisisjon.

Skjema for rekvirering av oppmålsforretning for grensejustering
 

 

Rekvisisjon av frådeling

Om vilkåra for grensejustering ikkje er til stades, eller dei kumulative verdiane for grensejustering ikkje ynskjast nytta, må det rekvirerast frådeling av tilleggsareal, eller arealoverføring.

Arealoverføringar blir behandla etter plan og bygningslov, og treng nabovarsel.

Kart som syner grenser før og etter arealoverføring leggjast ved rekvisisjon.

Skjema for rekvirering av oppmålsforretning for arealoverføring

Saman med rekvisisjon, kart og nabovarslingsblankettar må det og fylgje erklæring om arealoverføring og eigenfråsegn om konsesjonsfridom i kommunar med nedsett konsesjonsgrense (LDIR-356)

Kontakt

Simon Stadeløkken
Ingeniør kart og oppmåling
Telefon 61 29 36 65