Frådeling av grunneigedom, festegrunn eller tilleggsareal

For å dele frå ny grunneigedom eller festegrunn må søknad /rekvisisjon sendast til kommunen på følgjande skjema

Søknad/rekvisisjon for å dele frå ny grunneigedom eller festegrunn

Fyll inn informasjon om eigedommen det skal delast frå. Hugs at det er heimelshavar til denne eigedomen som må signere på rekvisisjon.

Alle frådelingar treng nabovarsel

Det skal og leggjast ved ei kartskisse som viser tiltaket, i målestokk og med så nøyaktig skisse som mogleg.

NB! Om frådelinga ikkje skjer i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området, gjeld spesielle reglar. Ta kontakt med kommunen for informasjon.

Ved avkryssing for sakstype A fungerer skjemaet som søknad etter plan og bygningslov, og arbeid med oppmåling og frådeling blir sett i gang så fort tillating til tiltak er gjeve. 

I kommentarfeltet skriv du ei kortfatta skildring av kva tiltaket gjeld.

Ved avkryssing for sakstype B, fungerer skjemaet som søknad etter plan og bygningslov, men arbeid med oppmåling og frådeling blir ikkje sett i gang automatisk. Dette vil i hovudsak væra aktuelt ved felt med fleire tomter, der ein ikkje ynskjer kostnaden med frådeling av alle tomter før sal er avklart.

Ei godkjenning etter plan og bygningslov er gyldig i tre år, og innan denne tida kan frådeling av tomtene rekvirerast og gjennomførast utan ny godkjenning etter plan og bygningslov.

Ved frådeling av nye eigedomar vil heimel bli ståande på heimelshavar til eigedomen det har vorte delt frå. Kommunen har ingen moglegheit til å føre opp andre heimelshavarar. Dette må gjerast med skøyte.

Kontakt

Simon Stadeløkken
Ingeniør kart og oppmåling
Telefon 61 29 36 65