Førebyggjande arbeid

Vågå brannvesen er engasjert i førebyggjande arbeid på mange felt, som:
• Tilsyn og kontroll av bygg med særskild stor risiko
• Informasjons- og motivasjonsarbeid
• Organisering og gjennomføring av kurs og øvingar i brannvern
• Saksbehandling etter brann- og eksplosjonsvernlova
• Salsløyve for fyrverkeri 

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål:

Tilsyn i særskilde brannobjekt

Brannvesenet skal sørgje for at det blir gått tilsyn i byggverk og område der ein brann kan medføre store tap av liv eller store skader på helse, miljø eller materielle verdiar. Slike bygg blir kalla særskild brannobjekt.

Eit særskild brannobjekt er alle typar brannobjekt som er omfatta av brann- og eksplosjonsvernloven §13 og er oppdelt i følgjande tre kategoriar:

A) Brannobjekt der brann kan medføre tap av mange liv

B) Brannobjekt som ved si utføring eller verksemd er venta å medføre særleg brannfare eller fare for storbrann med konsekvensar for samfunnet

C) Brannobjekt med særleg kulturhistorisk verdi

Det er opp til kvart einskild brannvesen (tilsynsmynde v. Brannsjefen) å bestemme statusen på objektet som særskild brannobjekt.

 

Salsløyve for fyrverkeri

Det er forskrift om handtering av eksplosjonsfarleg stoff av 26. juni 2002 nr 922 §9-3 som regulerer tillatelsen til handel med pyroteknisk vare.

I §9-3 heiter det at "Den som vil ha tillatelse til handel med pyroteknisk vare klasse II og III må drive handelsvirksomhet med fast utsalgssted, og kunne fremlegge firmaattest fra Foretaksregisteret". Handelstillatelsen er dermed regulert gjennom handelsverksemda med fast utsalgsstad.

Det er opningstida til den faste utsalgsstaden som regulerer salet av fyrverkeri utanfor lokalet.

Søknad om tillatelse med handel med pyroteknisk vare

Kontakt

Bjørn Tore Aspen
Brannsjef og feiar
Telefon 61 29 36 85
Mobil 913 46 044