Feiing og tilsyn

Prisliste - Feiing og tilsyn - 2020
Type feiing/tilsyn Årleg avgift, eks mva
Feiing og tilsyn med fyringsanlegg 430,-
Feiing og tilsyn, fritidsbustad 215,-

Lokal forskrift om gebyr for gjennomføring av feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Feieavgifta, både storleik på avgifta og innkrevinga, blir fastsett av den einskilde kommune, jf brannlovens §28. Feieavgifta skal dekkje alle kostnadar knytt til feiing og tilsyn og oppfølging av evt. avvik.

Fritak for gebyr krev at det ikkje er eldstad i bruk i objektet.

 

Bilete av feiaren som feiar ei pipe - Klikk for stort bilde

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg er ei lovpålagt oppgåve. Vågå kommune har feie- og tilsynsordning i tråd med Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn.

Det inneber at det blir gjennomført feiing etter behov. 

I tillegg er det ei auka satsing på førebyggande arbeid. Tilsyn er eit av hovudvirkemidla for å sikre at det står bra til med branntryggleiken hos innbyggjarane i Vågå. 

I ordninga er det lagt opp til at det blir ført tilsyn med bustader og fritidsbustader i Vågå etter behov. Tilsynet, som blir varsla skriftleg på førehand, vil kontrollere eldstadene i objektet, røykvarslarar, evt andre risikomoment og gi informasjon om generell branntryggleik.

Kontakt

Ola Reidar Skreden
Feiarsvenn og branninspektør
Mobil 959 92 823
Arne Reitan Sæther
Feiarsvenn og branninspektør
Mobil 915 10 101