Vidareutvikle bedriftFøler du at du står litt fast eller har idear for videre vekst av bedriften din utan at du heilt veit kor du skal starte. Har du problem med å vidareutvikle topplina di eller har kostnadane dine vokse utan kontroll? Skåppå Kunnskapspark blir brukt av Vågå kommune til å hjelpe gründere til oppstart og bedriftseigarar til vidare utvikling av eigen verksemd. Næringsutvikling er ein kontinuerleg prosess med etablering, vekst, stagnasjon/frustrasjon og vegen vidare til fornying eller nedlegging. Denne fornyinga er ein nøkkelfaktor for ei sunn næringsutvikling. Statistikken viser at berre 30% av alle nystarta bedrifter overlever dei første fem åra og det kan vere mange årsakar til dette. Men statistikken viser også at bedriftene som overlever har tre gonger så mange ansatte etter fem år. Etter den hektiske oppstartsfasa kan overgangen til driftsfase vere vanskeleg for mange og det er viktige beslutningar som må tas. Skal eg halde fram som i dag? Skal eg satse på vekst? Korleis kan eg forbetre topplinja eller bottlinja min? Korleis ser framtida mi ut? Ingen kan spå framtida, men innimellom er det godt å ha nokon å diskutere med. Nokon som du kan spørje om råd og som kanskje kan stille nokre kritiske spørsmål. Vi ønskjer å kunne bistå som rådgjevar og sparringspartner i denne prosessen. Korleis kan du auke di topplinje gjennom mersalg, vekst, nye produkt, samarbeid eller oppkjøp Gjennomgang av produksjon og tenesteyting Sparringspartner på logistikkflyt, lean og kostnadsoptimalisering Kanskje du treng påfyll av kompetanse og ny inspirasjon. Vi kan hjelpe deg med å kartlegge aktuelle kurs, informasjon om støtteordningar og rettleiing i forhold til prosjektplanar etc. Publisert av Roar Strand Publisert 06.02.2017 09.54