Skjenke- og serveringsløyve

Sals- og skjenkjeløyve blir normalt gjeve for fire år. 

Ambulerande skjenkjeløyve kan tildelast for einskilde arrangement.

Søknad skal skje skriftleg til Vågå kommune (sjå skjema nedanfor)

Vågå kommune kan tildele løyve etter intensjonane i lovverket og lokal normalforskrift for sals- og skjenkjetider.

Vågå kommune kan også halde kunnskapsprøver etter alkohollova og serveringslova. Prøvetaking må avtalast på førehand.


Det blir innhenta uttale frå ulike instansar som Politi, Skattemyndigheit, sosialkontor og ved serveringsløyve Mattilsynet før saka blir fremma politisk for avgjerd i formannskapet.

Gebyr etter alkohollova sine reglar.

Kontakt

Sonja Tangen
Arkivansvarleg
Telefon 61 29 36 10
Mobil 996 42 620