Etablere ny bedriftGår du med idear og drøymer om å starte for deg sjølv, men veit ikkje heilt korleis du skal komme i gang. Start med ein telefon eller besøk hos oss så kan vi hjelpe deg vidare. Skåppå Kunnskapspark blir brukt av Vågå kommune til å hjelpe gründere til oppstart og bedriftseigarar til vidare utvikling av eigen verksemd. Søknadsskjema kommunalt næringsfond Mange går med ein gründer i magen og ein god forretningside i hovudet, utan at dei heilt veit korleis dei skal komme vidare. Det er eit mylder av informasjon der ute og det kan til tider vere vanskeleg å vite kor ein skal starte utan å bli totalt forvirra. Ta først kontakt med næringskoordinatoren. Vi er her for å hjelpe deg i gang med å realisere draumen din om å etablere eigen bedrift. Hva kan vi hjelpe deg med? Vi kan vere ein diskusjonspart ved utvikling av forretningside, markedsvurderingar, budsjett og finansieringsplan Vi kan hjelpe deg å finne aktuelle og relevante støtteordningar og hjelpe deg i søknadsprosessen Vi kan hjelpe deg med å komme i kontakt med eksisterande næringsliv Vi kan hjelpe deg med å finne aktuelle kurs og opplæring som kan vere nyttig for deg i oppstartsprossessen Når du skal starte din egen bedrift er det smart å gå gjennom følgjande prosess Idé- og avklaringsfasen Utviklingsfasen I denne fasen blir ideen meir konkret gjennom å utvikle forretningsmodell og forretningsplan. Du må sette opp eit budsjett, ein likviditetsplan og ein finansieringsplan. Du må også ta beslutning om selskapsform og kapitalbehov. Oppstart og registrering Når du har kommet så langt skal alt det praktiske papirarbeidet ordnast. Namn må bestemmast og registrering gjennomførast. Drift og vekst Så er det berre å sette i gang. Men hugs å sette deg inn i reglar om MVA, skatt og rekneskap Publisert av Roar Strand Publisert 06.02.2017 09.48