Planering

Det er ikkje noko særskilt skjema for planering. Det skal fyrst sendast ein forenkla søknad til kommunen der det skal vere med eit kart som syner planeringsfelt, evt natur-/terrenginngrep, bekkelukkingar mv.

Ut frå denne søknaden avgjer kommunen om tiltaket må ha løyve ut frå forskrifta om bakkeplanering. 

Bakkeplanering som omfattar eit areal på minst 0,1 dekar skal godkjennast av kommunen.

Forskrifta om anlegg, drift og vedlikehald av planeringsfelt tek sikte på å hindre forureining/erosjon frå planeringsfelta. 

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.