Løyve til omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord

Jordlova set forbod mot at dyrka mark blir nytta til formål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon og mot at dyrkbar mark blir disponert slik at ho ikkje blir eigna til jordbruksproduksjon i framtida.

Det kan bli gitt dispensasjon om ein etter ei samla vurdering finn at omdisponeringa er forsvarleg. Løyve til omdisponering fell bort om arbeidet med å nytte jorda til nytt føremål ikkje er igangsett innan tre år.

Søknadsskjema får du på landbrukskontoret. Du kan også søkje utan skjema. Skriv i så tilfelle opp kva for areal som skal omdisponerast (innteikna på kart i målestokk 1:5.000), kor stort det er og kva det skal nyttast til. 

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.