Løyve til nydyrking

Før ein kan sette i gang nydyrking, skal plan for arbeidet vere lagt fram for kommunen til godkjenning.  

Dette gjeld følgjande arbeid:

  • opparbeiding frå udyrka til fulldyrka mark
  • opparbeiding frå udyrka mark til overflatedyrka mark
  • opparbeiding av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år til overflatedyrking eller fulldyrka mark

Det trengst ikkje løyve til rydding av beiteareal, så lenge arealet ikkje blir sletta slik at det er mogleg med maskinell hausting.

Det trengst heller ikkje løyve for å fulldyrke areal som alt er overflatedyrka.

Løyve til nydyrking fell bort om arbeidet ikkje er igangsett innan tre år.

Fulldyrking er definert som bryting til vanleg pløgjedjup, slik at arealet kan pløgjast.

Overflatedyrking er rydding og sletting av overflata, slik at arealet kan haustast maskinelt. 

Skjema finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet. 

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.