Løyve til deling av eigedom

Jordlova set forbod mot deling av eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk.

Forbodet gjeld og ved bortleige av areal for meir enn 10 år.

Det kan likevel gjevast samtykke til deling når samfunnsinteressar av større vekt talar for det, eller deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastinga eigedomen kan gi.

Løyve til deling fell bort om det ikkje er rekvirert delingsforretning innan tre år.

Deling av eigedom skal også behandlast etter plan- og bygningslova. Behandling er samordna, slik at du søkjer på eit felles skjema som du får ved å kontakte kommunen.

Lenke til jordlova

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.