Slagverk og djembe

Lærar på slagverk og trommer er Paulo Macamo

Slagverk og trommer

Tromme undervisninga er basert på  “progressive rock drumming”  av Andy Griffiths og “Drum Method”av  Craigh Lauritsen.  Frå desse to bøkene plukkar vi  ut  både enkel og avansert trommeteknikk og blander med inspirasjon frå forskjellige låter og frå ulike musikkulturar.

Gjennom trommer og rytmer vil elevane bli kjende med ulike formar for musikk. Elevane vil og bli sett i samspelgrupper og vere med på kulturskulen sine arrangement. Elevane vil og kunne få bli med i Vågå skulekorps. Alle som melder seg på slagverk får lære noter, spele på trommesettet og prøve seg på drumline. Vi ser an interessene til eleven og jobber ut i frå dette.

 

Djembe

Djembe, er eit vestafrikansk instrument, det er ei tromme laga av tre, med eit trekt geiteskin over. Djemba er nytta over store delar av Afrika og blir og nytta både i Amerika og i Europa, men opphavet er afrikansk. På undervisninga på djembe blander vi kulturer gjennom håndtromming, vi gjev deg ei kjensle av det eksotiske, både rytmer og bevegelse frå Afrika. Spelar du djembe, får du ein smak av den afrikanske musikkens hjerte.

Undervisninga er basert på boka "percussion method" av Mingo Jacob og "drumming method" av Craig Lauritsen. Vi plukker både enkle og avanserte teknikkar og rytmer, deretter blandar vi dei med afrikanske songar og songar frå resten av verda. 

Djembespeling gjer deg glad!

Kontakt

Paulo Macamo
Lærar kulturskulen
Mobil 916 84 376

Underviser i gitar, trommer, bass, 3. klasse korps, karusell musikk og teater