Krav til deg som arrangør

Det å ha ansvaret for eit arrangement inneber mange avklaringar og kan vere ei omfattande oppgåve. Det er viktig at arrangementsleiinga startar arbeidet med sikkerheit og beredskap tidleg, og at lovar, regler og søknadsfrister blir overhalde.

Ansvaret for sikkerheit ved arrangementet kvilar heilt og fullt på arrangørane, men kommunen ønskjer å informere og hjelpe arrangørar i arbeidet med å lage gode og trygge arrangement. Som ei støtte i arbeidet, finn du her krav, tidsfristar og gode råd i planlegginga av arrangement.

Som arrangør må du og sende inn skjema med opplysningar om arrangør og arrangementet til Vågå kommune

Alle punkt vil ikkje vere like aktuelle for alle arrangement, så kvar enkelt arrangør må gjere ei vurdering av kva som passar for sitt arrangement.

Som ei ytterlegare støtte og kjelde til informasjon, sjå DSB sin rettleiar for tryggleik ved store arrangement

 

Sjekkliste for arrangør

Sjekkliste for gjennomføring av arrangement i Vågå
Kva det gjeld: Kven skal kontaktast: Kontaktinfo:
Melding til politiet Nord-Gudbrandsdal lensmannskontor - eige søknadsskjema 61 05 32 50
post.innlandet@politiet.no
Tor Trønnes 47 79 95 07
Jørn Morten Sletta 97 06 31 30
Melding til brannvesenet Vågå brannvesen - eige søknadsskjema 61 29 36 67
Brannmester Pål Øygarden 99 74 95 20
Stenging av veg - riks- og fylkesveg Mesta AS - Vågå
Vidar Sanden 48 18 14 22
Stenging av veg - kommunal Vågå kommune v. teknisk sektor 61 29 36 59
Martin Sletten 48 89 92 45
Skjenkeløyve - ambulerande/enkelthending Vågå kommune v. servicetorget 61 29 36 00
postmottak@vaga.kommune.no
Servering av mat - kortvarig salg Mattilsynet - eige skjema 22 40 00 00
www.mattilsynet.no
Leige av skular og kommunale bygg Vågå kommune v. servicetorget 61 29 36 00
postmottak@vaga.kommune.no
Leige av kulturhus og Vågåhallen Vågå kommune v. kulturkontoret 61 29 39 50
Svein Erik Lillebråten 91 62 97 21
Bruk av kommunale areal Vågå kommune v. teknisk sektor 61 29 36 62
Kåre Frydenlund 41 41 01 12
Bruk av privat areal/område Aktuell grunneigar v. privat person eller bedrift det gjeld Ta kontakt med aktuell grunneigar eller bedrift
Vatn og kloakk, renovasjon Vågå kommune v. teknisk sektor 61 29 36 59
Martin Sletten 48 89 92 45
Lån av salgsboder Vågå kommune v. teknisk sektor 61 29 36 59
Martin Sletten 48 89 92 45
Lån av bord, stolar og lite lydanlegg Vågå kommune v. kulturkontoret 61 29 36 22
Stein Holen 95 74 98 80