Munch i Vågå

Bli med på Munch-vandring i Vågåmo, få servering med historisk sus på Cafe Edvard i Ullinsvin eller få kunstnerisk påfyll gjennom konsertserien "Ut i vår hage" - også den i Ullinsvin.

Munchvandring

Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans i Vågå. Edvard Munch er ein verdskunstnar og truleg den mest kjende nordmannen. Edvard Munch reiste fleire gonger til Vågå for å søkje opp røtene sine. Han hadde ofte Vågå i tankane, og bevarte eit nært forhold til Vågå gjennom heile livet.

Du kan oppleve Edvard Munch i Vågå ved å oppsøkje stadene som han sjølv stadig besøkte og som var viktige for han. Delta på omvising med ein av våre dyktige guidar eller gå Muncvandringa på eiga hand og lytt til høyrespelet «Oldemors portrett».

Dagleg guiding 29. juni - 12. august 2018

Tysdag: kl 11.00

Fredag: kl 17.00

Laurdag: kl 11.00

Søndag: kl 12.00

Oppmøte ved Munchpunktet i Vågå sentrum (krysset Liehjørna, Veistadhjørnet kafe, Bokhandel’n kafe)

Varigheit på guideturen er 1 - 1,5 time.

Språk: Norsk og engelsk

Pris: kr 100,- inkl kaffe og kake på Cafe Edvard

Grupper på minimum 4 stk kan bestille guiding utanom desse tidspunkta på tlf 91 13 87 86.

For meir informasjon om Munch i Vågå:

http://www.munchivaga.no/

 

Cafe Edvard

På Cafe Edvard kan du nyte ein meny basert på oppskrifter etter oldemor til Edvard Munch, Christine Storm Munch. Kafeen har skjenkeløyve.

Sal av kokeboka til oldemor Christine i kafeen

Opningstid CAFE EDVARD

Tysdag

Kl 12.00 - 16.00

Fredag

kl 15.00 - 20.00

Laurdag

kl 12.00 - 16.00

Søndag

kl 12.00 - 16.00

 

Munch-meditasjon

Vi rettar fokus mot Edvard Munch sitt bildeunivers gjennom dikt, maleri og musikk.

Stad: Vågåkyrkja

Tidspunkt:

  • 6. juli kl 20.00
  • 20. juli kl 19.00
  • 27. juli kl 20.00

Pris kr 70,-. 

Varigheit 50 minutt.

Ide/formidling: Sanna M. Bjerketvedt

Musikk: Per Anders Håvelsrud

Kontakt

Tora Sandbu
Prosjektleiar Ullinsvin kunst-, kultur og kompetansesenter
Telefon 61 29 36 11
Mobil 996 93 921