Sjakk på biblioteket

Like før jul 2019, fekk Vågå bibliotek vite at vi har fått innvilga 20 000 kr. av Sparebankstiftinga, og 3000 kr. av Vågå Lions, til prosjektet Sjakk på biblioteket

I januar starta vi opp med prosjektet. Vi har kjøpt inn bord, klokker, og sjakkutstyr, og begynte med kurs den 4.2. klokka 18-19:30. Det var kjempeartig å endeleg starte opp! Mange ivrige sjakkspelarar frå 3.-8. steg kom og spelte. Vi har kurs annakvar tirsdag, og fekk ha 3 kurskveldar før koronakrisa kom. No har vi eit opphald, og vi gler oss stort til å kome i gong att!