NLB Norsk lyd og blindeskriftbibliotek - LESING ER FOR ALLE!

Har du dysleksi, er synshemmet eller andre problemer med å lese trykt skrift? Då kan du bli medlem i NLB! Det er ein gratis, nasjonal teneste, kor du kan låne lydbøker, eller bøker i punktskrift. 

Kva gjer eg for å bli medlem?

Viss du ikkje brukar epost

Då hjelper vi deg å bli medlem, ved å søkje om medlemskap for deg.  det tar frå 2-4 veker å bli medlem. Når du så er medlem, får du eit lånenummer, og ei pinkode tilsendt på SMS til telefonen din. Så kan vi hjelpe deg med å bestille bøker. (På lyd eller punktskrift)

Lydbøkene kjem som ein DAISY CD. Dette er annleis enn ein vanleg CD, og treng ein DAISY spelar. Frå hjelpemiddelsentralen i Vågå kommune, kan du søkje om ein Daisy splelar.  Du ring servicetorget i Vågå kommune for å tale med hjelpemiddelsentralen. Tlf: 61293600. Vi på biblioteket kan også hjelpe deg med dette.

 

Viss du har epost sjølv, og kan bruke internet

1. Gå inn på nettsida til NLB

2. Trykk på knappen "Bli låner" og fyll ut innmeldingskjema

4. Send inn skjema. Det tar frå 2-4 veker før du får eit lånenummer og ei kode. 

5. Last ned appen LYDHØR. Fyll inn lånenummer og koda di inne i appen. 

Så er du inne og kan låne lydbøker!

 

Dei kan også hjelpe deg på telefon hjå NLB

Tlf: 22 06 88 10 (10-14)