Tysdag 23.3. blir det lesesirkel att!

Grunna smittevern og avstand, møtast vi på Frivilligsentralen.

Tysdag 23.2. kl 14-ca 1530 skal vi ha lesesirkel att. Det blir på Frivilligsentralen, grunna smittevernreglar og betre høve for å halde avstand. Sirkelen er fullbooka.

Vi har valt bøker for 2021, dette blir eit godt bokår i lesesirkelen! Vi gler oss til mange gode møter. Møtet i januar falt bort grunna strenge smitteverntiltak i januar.

Vi avtaler frå gong til gong når vi skal møtast. Vil du vere med, ta kontakt med biblioteket!

Saman har vi valt bøker for hausten 2020

Det blei bøker skrive av kvinnelege forfattare denne hausten. Derfor kallar vi den "kvinna si haust" i boksirkelen. Det blir ein spennande haust!

 Vi har båe ein klassikar, ei fagbok, og to memoarbøker. Vi skal til England, USA, Sør-Afrika og Frankrike. Alle som ynskjer er velkomne til å delta. Vi sett dato for bokprat etter kvart, når det er høveleg for deltakarane. Følg med på nettsida for datoar! Vågå bibliotek låner inn nok bøker til alle som vil lese.

Bøker hausten 2020

September-Oktober: Den hemmelige hagen, av Frances Hodgson Burnett (1911)

Oktober-November: Heftige bånd, av Vivian Gornick (1987) (På norsk 2019)

November-Desember: ABAFAZI- Møte med sør-afrikanske kvinner av Liv Marie Austrem. (2010)

Desember-januar Årene, av Annie Ernaux (2020)

 

Vil du dele ei lesaroppleving i lag med andre? Vi leser same boka og pratar om ho!

Triveleg, interessant og sosialt- i lesesirkelen vel vi ut bøker saman på starten av halvåret. Så møtast vi ein gong i månaden og pratar om boka.