Lånereglar på Vågå bibliotek

 

Det er gratis å bruke biblioteket.

Din lånekonto

Som lokal lånar blir du registrert med namn, fødselsdato, mobilnummer, adresse, og e-post, viss du brukar det. Så får du eit lånekort.

For nasjonale lånekort treng vi også fødsels- og personnummer.  Du kan lage og lage deg eit nasjonalt, digitalt lånekort www.nb.no

Er du under 15 år, må du ha underskrift frå føresette for å få lånekort

Lånekortet er personleg. Du er ansvarleg for alt som blir lånt på ditt lånekort.

Du må sjølv melde ifrå ved adresseendring eller når du endrar telefonnummer.

Vi lånar ut bøker, tidsskrift og utstyr frå Vågå utstyrslager

Vågå bibliotek lånar også ut frå utstyrslageret til Vågå kommune. Ein person over 18 år må stå ansvarleg for utlån frå utstyrslageret. På el-syklar er det også 18 årsgrense på bruk.

Leksikon og andre oppslagsverk kan som regel ikkje lånast ut.

Bøker, artiklar m.m. som vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek (fjernlån).

Du kan levere bøker du har lånt hjå andre bibliotek her hjå oss. Vi sendar det vidare.

Ny og etterspurd pensumlitteratur kan vi ikkje alltid skaffe, og dette må studentar rekne med å skaffe sjølve.

Lånetid

Bøker, lydbøker, musikk: 4 veker
Tidsskrift: 1 veke Video: 1 veke

Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Dette gjer du ved å kontakte biblioteket, eller logge inn på din lånekonto på heimesida vår. Du treng lånenummeret ditt (frå lånekortet) og den 4-sifra pin koda di, for å logge inn. Ta kontakt med biblioteket viss du ikkje har disse. 

Gebyr 

1. varsel: gratis

2. varsel: gratis
3. varsel: Varsel om erstatningskrav
Har du fått erstatningskrav i posten, må kravet betalast sjølv om materiellet blir levert.
 

Erstatningskrav

Bøker og lydbøker vaksne: 400 pr. bok
Bøker og lydbøker barn: 300 kr

Språkkurs: 500 kr.

Pensum- og lærebøker: 700 kr.
Film og musikk: 250 kr
Tidsskrift: 100 kr