Skam deg Mayliss!

Torsdag 2.9. kl. 12 og 16 blir det haustens friskaste, såraste og mest humoristiske framsyning på Vågå bibliotek!

Skam deg Mayliss! Er ei spanande, smertefull og humoristisk framsyning om livet, sett gjennom auga til ei enkje som vil leve meir, mykje meir!

På regi har vi ein av Sveriges mest kjente filmskodespelarar; Marika Lagercrantz. Skodespelar Liv Hege Nylund tek opp tråden etter koronapausa og legg ut på landevegen med Citroen Berlingoen sin. Bilen er fullpakka med rekvisittar, mellom anna eit gamalt badekar.
Nylund er 73 år, like gamal som den kvinna ho skal spele. Kvinna er Mayliss, ei lidenskapeleg og lengtande enkje etter ein framgangsrik forretningsmann.

Skam deg Mayliss! er ei perle av ei framsyning som tematisk treff eit godt vakse publikum. Med denne monologen har Nylund turnert med stor suksess og gjort over 20 framsyningar mellom Nordland og Agder, sist var ho i Steigen, og neste stopp blir Vågå!

Med: Liv Hege Nylund
Av: Elsie Johannsson

Pris: 150kr. inkl kaffe, bititi og prat på scenekanten med sexolog Ingrid Blessom.

Førehandskjøp av billettar frå 17.8. på Vågå bibliotek.

To framsyningar kl 12 og kl 16

Plakat av G Dybvik - Klikk for stort bildePlakat Skam deg Mayliss Trøndelag teater